Alle born skal ha eige pass, uansett alder.
Norske borgarar kan reise utan pass i Norden, men eit godt reiseråd er å ta det med, fordi ein del hotell, campingplassar osb. krev pass. Alle pass bør være gyldig i 6 månadar etter planlagd retur. Det er ditt lokale politidistrikt som skriv ut pass, og normalt tek dette 10 virkedagar.
Søk om pass på politiets nettsider.
Reise til USA
Skal du reise til USA må du lese viktig informasjon på nettstaden til den amerikanske ambassaden.
Reise i resten av verda
Utanfor Norden er pass einaste gyldige legitimasjon for norske borgarar. Ein del land krev visum, sjekk visumreglane der du skal reise hos Utanriksdepartementet.
Hjelp, eg treng naudpass!
Dersom du ikkje rekk å bestille eit ordinært pass innan du skal reise, kan du i visse tilfelle få utferda naudpass hos politiet. Ved Oslo Lufthavn, Sola, Flesland og Værnes kan du kontakte politiet på flyplassen for å søke om naudpass.