Hovudregelen er at alle dyr må oppbevarast i eigne bur og sendast i lasterommet. Nokre selskap godtek kattar og små hundar i kabinen, då i små bur eller vasstette bagar. Andre selskap godtek for eksempel ikkje gnagarar om bord i flyet, sjølv ikkje i lasterommet. Kva land du skal reise til kan også påverke kva reglar som gjeld.
Husk derfor å sjekke med flyselskapet ditt, og myndigheitene i mottakarlandet i god tid før avreise.
Sjå også Mattilsynet sine sider om reise med dyr. Mattilsynet har ansvaret for kontrollen av levande dyr som førast inn i Noreg.
For deg som skal reise til Svalbard
På grunn av det sårbare dyrelivet på Svalbard finst det strenge reglar for inn- og utreise med dyr, og det er berre hund som er lov å ta med på rutefly (MERK: dette gjeld ikkje for sending av dyr som cargo, då det finst eit eige regelverk for dette). For å reise med hund må du:
a) Innreise / reise til Svalbard:
- Gyldig innførselstillatelse frå Mattilsynet må vere i orden: Reise med hund, kanin, smågnagere og burfugl til Svalbard | Mattilsynet
- Gyldig rabiesvaksine samt titrering av rabiesantistoff
- Gyldig vaksine mot valpesjuke
- Gyldig ektoparasittbehandling (loppe, flått, og lus) 1-21 dagar før ankomst Svalbard.
b) Utreise / reise frå Svalbard:
- Gyldig rabiesvaksine samt titrering av rabiesantistoff
- Varsle Mattilsynet før reise: Reise med hund, kanin, smågnagere og burfugl til Svalbard | Mattilsynet
- Hunden må gjennomgå klinisk undersøking samt parasittbehandling hos veterinær 24-120 timar før avreise.