Ver førebudd – leit fram:
- Ombordstigingskort/boardingkort
- Utskrift av elektronisk billett med dato for reise og namn på reisande.
- Papirlaus billett (verifiserast med bank-/kredittkort eller mobiltelefon)
Legg alle løyse gjenstandar og metallgjenstandar (nyklar, myntar, mobiltelefonar m.m.) i handbagasje eller ytterkle før gjennomlysing.
Dette kan berre sendast i innsjekka bagasje:
- Væske i behaldarar som er større enn 100 ml.
- Skarpe eller spisse gjenstandar, eller andre ting som kan utgjere ein risiko.
Dette kan passere sikkerheitskontrollen i lukka plastpose
- Væske i behaldarar som rommar inntil 100 ml. Behaldarar som rommar meir enn 100 ml blir kasta uavhengig av kor mykje væske dei inneheld.
- Alle behaldarar må få plass i éin gjennomsiktig literspose.
- Det er berre lov med éin literspose per reisande.
- Det er eigne reglar for tax free-poser i forsegla pose.
Dette skal i plastkasser for gjennomlysing
- Handbagasje
- Større elektroniske artiklar som PC, kamera, nettbrett, handhaldne spel osb. Dette skal ut av handbagasjen og sendast separat.
- Mobiltelefon skal pakkast i handbagasje eller ytterklær
- Ytterkle og jakker
- Sko med metallinnlegg, belte med metallspenner og liknande
- Flytande væske, herunder tax free-varer, væska i 1-literpose (toalettsaker), barnemat, medisinar og liknande
- Krykker må gjennomlysast i røntgenmaskina
Mobiltelefonar, små hodetelefoner og andre lause gjenstandar skal pakkast i handbagasje eller ytterklær.
Briller skal behaldast på.
Reisande med behov for assistanse
Born, eldre, menneske med nedsett funksjonsevne og andre med behov for assistanse og som reiser aleine, kan fylgjast av foreldre eller andre gjennom sikkerheitskontrollen.
Hjelpemidlar og implantatar
Alle reisande må gjennom ein metalldetektor. Brukar du rullestol eller har implantatar blir kontrollen utført manuelt. Du kan trygt passere sikkerheitsporten sjølv om du brukar pacemaker eller høyreapparat.
Meir informasjon om assistanse
Avvist gjenstand i sikkerheitskontrollen
Dersom du har med ein gjenstand som blir avvist i sikkerheitskontrollen vil du få følgjande alternativ:
- Pakka gjenstanden i handbagasjen, og sjekka inn bagasjen hos flyselskap (merk at kvart enkelt flyselskap har reglar for alkohol og forbodne gjenstandar i innsjekket bagasje)
- Avgi gjenstanden i sikkerheitskontrollen til destruksjon
- Avbryta reisa